Eg reposta litt om denna når ho kom ut for ein månad sidan, men no når eg har lest heile gjennom og delar av den fleire gonger og har hatt tid til å drodle litt, har eg lyst til å tilrå ho på nytt, med litt ekstra skriveri - tråd🧵
Comments
Log in with your Bluesky account to leave a comment
@taliabhatt.itch.io tek for seg mykje i Trans/Rad/Fem, frå grunnleggjande analysar av kjøn og misogyni, til soga om radikalfeminismen og transfobi både i vesten og i India (der forfattaren er frå). 2/7
Spesielt forfattarens kommentarar på det vestlege synet på hijra, og kor detta synet eigentleg kjem frå, er vel verd å lese for alle. Gjennomgangen av "epistemicide", korleis transfolk nektast deltaking i dei diverse prosessane som produserar kunnskap om oss, er stadig relevant. 3/7
Kjernen, den raude tråden, i samlinga er likevel meir grunnleggjande: ein analyse og kritikk av bioessensialismen. Den openbare me alle kjenner og gjenkjenner som tydeleg transfobisk, men òg den mindre tydelege som ofte gjennomsyrar kjønssynet til sjølv velmeinande allierte og transfolk sjølv. 4/7
Spesielt detta utdraget slår meg som særleg relevant her til lands, kor eg har inntrykk av at "skilnaden millom sosialt og biologisk kjøn" verkar krype seg inn i den norske diskursen, òg blant transfolk og allierte sjølv, i større grad enn tidlegare. 5/7
Bokas utgangspunkt er påstanden om at radikalfeminismen, heller enn å vera tilnærma synonymt med transfobi, eigentleg gjennom sitt analytiske grunnlag i kjøn-som-sosialt og heteroseksualitet-som-regime har det beste teoretiske utgangspunktet for ein genuin frigjerande transfeminisme. 6/7
Comments