Profile avatar
ganskedum.bsky.social
Ho der i påbyggsklassa som aldri hald kjeft. 28 år, tek lektorutdanning m/master i nordisk hjå UiB, livredd nynorskentusiast, forelska i læraren, nordlending, steike glad i kaffi. ho ho ho homo [email protected]
2,844 posts 849 followers 114 following
Regular Contributor
Active Commenter

Eg byter bakgrunnsbilete på mobilen /kanskje/ ein gong i året, og sidan eg gjer det så utruleg sjeldan så kjennes det ut som eg får ein splitter ny mobil kvar gong. (Truleg fordi eg i alle år har brukt å ha eitt einaste bakgrunnsbilete per mobiltelefon).

Eg syns faktisk sokkar i sandalar er ganske sjarmerande. Pluss at då slepp eg sjå dei stygge tæra dine.

Når eg flyttar tilbake til Fantoft så skal eg ha vindauget mitt på vidt gap i tre veker i strekk, helsing ei som i juni bur på eit rom utan vindauge

"Eg syns det er for mykje nakenheit i pride-paraden"

Kva faen har skjedd med kinoetikkete??? I går måtte eg snakke høgt til ei vaksen dame (rundt 40 om eg skal gjette) og be ho venlegst leggje frå seg mobilen, fordi ho satt og chatta omtrent heile filmen. Ikkje berre satt ho på mobilen, ho hadde ljosstyrken på 100% OG ATTPÅTIL LJODEN PÅ??!??

Eg har fått eit brev frå skatteetaten om "Framført underskot frå tidlegare år", kor dei har endra skattemeldinga mi frå 2024. Eg hadde ikkje inntekt og skatta ikkje i korkje 2023 eller 2024. "Framført underskot frå tidlegare år" er endra frå 30k til 0. Nokon som veit kva det betyr??

"Ungane mine har ikkje godt av å sjå alle dei nakne menneska som spring rundt i pride-paraden" ok hald dykk heime den dagen då

Eg har kjøpt nipple covers som er glitrande, raude hjarte, som er vonar kjem i posten før paraden. (og som eg vonar eg har nok gøtts til å bruke)

Vil heller ha kinkstere og fetisjister i paraden enn DNB

"Skeiv, gift tobarnsmor" aka "se på meg, heteroer, jeg er en av de NORMALE hehe" Greit lei av pick me-homser som "på død og liv" skal vinne poeng hos de konservative fordi de tror det er sånn vi vinner denne kampen.

eg vil berre ha det dokumentert at eg flørta med ei dame på 40+ i går og ho raudna og vart heilt ifrå seg (positivt) 😌

Viss du har snapchat-varslar på smart-klokka di så kan det aldri verte oss

Personleg brannfakkel: Med mindre du har ein eller anna sjukdom som gjer at du kontinuerleg må følgje med på ymse blodtrykk osv osv, så syns eg det er ein skikkeleg u-ting å ha smart-klokke

Gårdagen var veldig bra

Dette er gøy!

legit min største draum atm er å få dra på ein CMAT-konsert

eg saknar hybelen min

gratulerer med pride kven vil samrunke øh eg meiner eh

Enkel og billig middag til 3 stk, som IKKJE er pastabasert?

kva om me sussa på det forlatte hjørnet av ein hjørnesofa på Høyden👉👈