Profile avatar
dagidarj.bsky.social
Boknar på Nesodden. Ektemann og far. Journalist i fagbladet Norsk Landbruk. Amedia-familien. Interessert i fotball, idrett, samfunn og matproduksjon. Viking FK og Liverpool FC.
4,126 posts 1,206 followers 1,058 following
Regular Contributor
Active Commenter

Måtte ein tur på den eldste puben i Irland. På The Brazen Head skal vore vertshus sidan 1198, men dagens bygning er frå 1754.

Kult å oppdage at dottera til kompis frå gymnas- og studietid har gjort seg fortent til kontrakt med eit av dei beste college-laga i USA. www.nrk.no/vestland/ann...

Havdur er eit fint navn det, men eg kallar dei helst for Tjeltavigå. www.aftenbladet.no/sport/i/KMJy...

Det var ikkje måte på kor bra det skulle bli når TV2 tok over rettane til norsk fotball, men me ser at engasjementet dabbar av litt etter litt. Det er laga seks episodar av Fotballfeber. Ingen ny episode i dag. Spiss vinkel har tatt sommarferie til langt ut i juli.

Har høyrt supporterklubben si oppsummering av spelarkjøpa til Liverpool i FSG si regjeringstid. Det er sakleg, for å seie det slik. Eg er glad i saklege podkastar eg, men det får nesten vere grenser. Skulle tru episoden var spelt inn på kyrkjegarden etter ei gravferd.

Kva er tanken bak at hovedsaka også er sak nummer to på sida, @liverpool.no?

Det er bra at me får komme nærare på spelarane, meir likt norsk fotball. Men eg ser føre meg nokre rare augneblink nær me har fått nærbilder frå feiringar, og så blir målet annullert av VAR. www.liverpool.no/lfc/25/6/tv-...

Denne mediekritikken er ein innertier av @heinert.bsky.social

Dette var noko Viking og NTF ofra i ein pakke for å snu cupen. Og også ein del av VAR-stemninga NFF bygde opp på fotballtinget. www.rastavanger.no/zlatko-tripi...

Honoraret til spelarane på Bryne: Ein sekk Sprayfo melkeerstatning som energidrikk, pizza og eit blomkål. www.aftenbladet.no/sport/i/dnbw...

– Kan me vente med korrupsjonssaka til etter at me er ferdige å krige?

Liverpool er i mål med Frimpong, Wirtz og Kerkez i juni - meir enn ein månad før laget startar oppkjøringa til ein ny sesong. Sterkt.

Dævan, han rakk det akkurat i tide til valet. Merka jo det sjølv også, då eg fekk time til ein heilt vanleg kontroll på Ahus klokka 18.15 ein onsdag i mai. Men nå må det nok sparast, ekstrainnsatsen er over og køane vil auke igjen. www.vg.no/nyheter/i/zA...

Tre av ti skuleleiarar er ikkje ute blant elevane.

Aalesund var gode, og gjennomførte ein taktisk god kamp. Men det blei stort sett nesten nesten. Viking skapte null før det siste kvarteret og blei effektivt kjempa ut av stilen. Men ein gong sat det. Zlatko til Christiania. Den var lekker. Semi!

Eg har tru på denne logikken til Høgre: Skattelettene vil få slutt på at rikingar flyttar til Sveits. Det vil stimulere til nødvendig jobbskaping. Kanskje flyttar også nokre av dei heim. Det kan i sin tur styrke krona og få ned inflasjonen. Det vil bety meir for meg enn 24.000 kr i skattelette.

Fredrikstad har nettopp blitt straffa med tomme tribuneseksjonar etter flaskekasting. Ein smarting i Ålesund kasta flaske mot Kristoffer Klaesson. Lykke til.

Den kvinnelege journalisten rakk å nemne at ho var frå Spania før Trump avbraut henne og leksa ut om Spania sin motvilje mot å auke forsvarsutgiftene. Next question, please.

Spent på om Viking stiller med heile "serielaget" mot Aalesund. Klaesson står i mål, men kanskje blir det Bjørshol på hb? Kanskje Roseth i midtforsvaret? Kanskje Cappis eller Kvia på midten?

Sånne automatiske format slå av og til uheldig ut. Her i ei sak om eit bestialsk drap med kremering i bålpanne som ingrediens. Men ikkje så lett å oppdage før publisering heller.

At demokratene veljer kandidatar frå venstrefløyen gir nok aller mest jubel hos MAGA-rørsla. Left sided loonetics gjer det enklare å samle troppene og halde posisjonene i kongressen. www.vg.no/nyheter/i/qP...

Bryne er framleis ein amatørklubb. Først seljer dei bortebillettar til vikingar på heimetribunen, og så annullerer dei lovleg kjøpte billettar og refunderer pengar utan å spørre kjøparen.

Episoden då Viljar Vevatne reiv ned Thrandarson utan at Kai Erik Steen blåste straffe er eit klassisk tilfelle dommarane bruker når dei argumenterer for VAR. Eit klart straffespark som ikkje blei dømt. Viking vann cupfinalen det året. I dag får AAFK sjansen til å hevne seg.

Korleis er sjåartala for klubb-vm i Noreg og elles rundt om i verda?

Møtte den irske Geir Ellefsen i Dublin. 28 år som sikkerhetssjef for landslaget. Var med på lagbilder og hadde bilde av seg sjølv og ein ung Roy Keane. Verdens hyggelegaste fyr.

@espenius.bsky.social Dublin, Meath og Dublin GAA.