Profile avatar
dorthea.bsky.social
Momoing. Var folkevald for Senterpartiet i Aurskog-Høland kommune. Interessert i sporveg. Sit i for mange kontrollkomitéar. Poster på eiga rekning. 🍀🐻🧗🏼🎺🚃🏳️‍🌈🏳️‍⚧️⛓️
418 posts 223 followers 53 following
Prolific Poster

Eg til meg: Du burde lage og spise mat no Eg til meg: Men eg vil spise te og drikke kjeks Eg til meg: 😑

Spørsmålet er: skal eg lære meg skotsk eller irsk, eller blir det for gæli(sk)?

Eg vil berre dele at eg klarer å ta meg saman og ikkje dele noko eg ikkje bør dele på sosiale media.

Skjønner ikke hvorfor det er så himla vanskelig å være på transfolks side. Å stå litt opp mot transfobi av og til er simpelthen sunt bondevett!

Ridder.

For those saying it wasn't a Nazi salute. Keep posting it. Keep sharing it.

Trur eg må ta fly for å kome meg til ein studentorkesterfestival. Kvifor må eg spele trombone? Det er eit veldig langt og upraktisk instrument å ta med seg…

Oppdagar stadig nye plassar i halsen eg kan ha vondt i.

Eg er no sliten i handleddet etter å spelt trombone. Ein skulle jo trudd ein vart mest sliten i høgre, men eg er meir sliten i venstre.

Tenk så heldige naboane mine er, som får høyre meg øve på en cellostemme på trombone. Det er jo ikkje akkurat noko som er sånn veldig tilfredsstillande å høyre på.

Det tok meg kanskje ein månads tid, men no har eg endeleg fiksa WiFi i leilegheita.

Hey Google, korleis sluttar eg å tenkje på amerikansk fascisme??

Kvifor brukte eg ein time på å lese om Guantanamo Bay framfor å berre kome meg heim??

Kjem inn døra til starten av fyste refreng av “Hey Look Ma, I Made It” av Panic! At the Disco og det gjer det å klare å kome seg heim til verdas største bragd.

Alarmen min tenkte at den skulle gå heile tre gonger i dag. Du kan jo tru at det ikkje burde vore eit problem, men det er det når ein må løyse ymse oppgåver for å skru den av og du ikkje er verdas beste i hovudrekning.

Endeleg tilbake på norsk jord 🇳🇴💚

Nokon som har tips til gode kaféar ein kan sitte å jobbe på i Brüssel? Spør for ein ven.

Historikarar: finnast det døme i historia kor ein klarte å stoppe dei fascistiske kreftane før altfor mange vart drepne? I so fall, kva gjorde ein?

Eg trengjer snart å snakke med andre menneske. Eg held på å bli gal av å berre snakke med meg sjølv (meir enn eg allereie er frå før av).

I morgon kjem eg nok til å angre på den ekstra kanna med te eg har drukke. Det kan hende eg har drukke mellom 3 og 4 liter te i dag.

Kan nokon fortelje meg kvifor eg ikkje legg meg når eg er trøytt og sjuk? Kvifor står eg foran eit notestativ og mentalt bladles musikk?

Innimellom når eg reiser meg, så kjennast det ut som eg er full. Denne forkjølinga er spanande saker.

Eg… er for gamal til å skrive om mitt forhold til nynorsk 🫠

Eg er lei av å vere sjuk. Kan eg bli frisk att?

Eg veit ikkje kor mykje lyd som går gjennom vegga der eg no bur, så eg veit ikkje kor mykje meir trombone eg får lov til å spele no som det er stilletid.

Kroppen min (00:00): eg er trøytt, kan vi leggje oss???? Eg: ja, ok Eg: legg meg 00:30 Eg (01:15): såååå? Skulle ikkje vi sove?? Eller er det noko eg har misforstått? Kroppen min: 🙂

Det tok meg kanskje fem timar, men eg har endeleg vore på butikken.

Dag to som sjuk-ish/på heimekontor og eg saknar nokon å prate med. Sånn fysisk og avslappa.

Om ein har på nok kan smør vere eit pålegg i seg sjølv.

Eg må ha tunge til Jenter.

Eg har drukke såå mykje te i dag. Er fortsatt ganske trøytt.

Det er så lenge sidan eg har kjøpt avokado no at eg har gløymd korleis ein gjer det.

Du veit du er klar for fest når du held på å sovne på banen. Eg trur eg har blitt for gamal for det livet eg lev.

Eg prøvde for fyste gong å dra heim frivillig frå ein utestad. Fekk eksistensiell krise. Eg er her fortsatt.

Any dictionary can be a pocket dictionary with big enough pants.

Då eg var forfjamsa og leita etter toalettet på Himkok på onsdag kom det etterkvart ein tilsett og viste meg herretoalettet og sa noko à là “this one’s for you” og personen anar ikkje korleis det gjorde dagen min. #gendereuphoria

Eg er no såpass trøytt at eg klarer å skrive ein halv e-post om gangen.

*leser egne floffer* - yeet riksen

Eg vil starte partiet Folkeaksjonen vi som tykkjer det passar bra med fredag i dag. Eg står på torvet for å samle inn underskriftar frå klokka fem i dag.

Eg har funne ut at om eg ikkje ser på PCen min så har eg ikkje noko å gjere. #bigbrainzzz #LeoDiCaprioToast.gif

Stortingspolitikarar skal ikkje blande seg inn i vurderingar av akademiske tekstar. Dei skal i alle fall halde seg for gode til å involvere statsrådar. Helsing ikkje-binær Senterpartist.

Stua i den nye leilegheita byrjar å sjå betre og betre ut. Dog trur eg kanskje det er av di eg putta “alt” inn på soverommet for å sette opp ting riktig i stua.

Joda. Var i ferd med å legge meg for ein times tid sidan ettersom eg skal opp i sjudraget for å rekke å vere på jobb i morgon. Men så fann eg noko nytt eg kunne vaske 🙃

Ny type singel unlocked

Eksistensielle spørsmål: Kven er eg? Kvifor er eg her? Korleis skal eg forklare skilnaden på 3/4 og 6/8 til ikkje-musikalske folk/matnatarar?

Håpar det finnast ein eigen plass i helvete til dei som opnar nødluka på bussen i minusgradar… og attpåtil har på seg jakke.

«Be om hjelp», sier man gjerne til folk som sliter litt med psyken. Og klager på at sykefraværet er for høyt. Men i veldig mange tilfeller finnes det ikke hjelp å få. Jeg skriver om et helsevesen som i mange tilfeller ikke ser hjernen som en del av kroppen.

“Shoot for the moon, because even if you miss, you’ll land among the stars” må vere grunnen til at mange er utbrente i dag. Vi kan gå på månen, men ei stjerne vil jo brenne deg opp.

Det er ei som røykar inne på Tøyen T og eg likar det verkeleg ikkje. Banen min kan ikkje komme fort nok no.