beritrekve.bsky.social
Samfunnstryggleik, politikk, kommunikasjon, organisasjon, forvaltning, språk, natur, klima. Master i off. leiing og styring (MPA, Innlandet). Leiar Mediemållaget.
Safety, securty, crisis management, communication, language, nature and climate
Oslo - Norway
2,604 posts
2,163 followers
1,650 following
Regular Contributor
Active Commenter
comment in response to
post
Det er jo berre småtteri samanlikna med motkreftene som er avdekte her.
comment in response to
post
Det er så trøyttande at eg nesten aldri høyrer på meir, sjølv om eg er ein skikkeleg politikknerd.
comment in response to
post
Oj, du er rett og slett ei som har banka opp Mimir.
comment in response to
post
Nokre av dei eg viser til hadde nok skulka ganske mykje av språkdelen på nordisk og konsentrert seg om litteratur til hovudfag. Det verka syltynt når det galdt språkomgrep.
comment in response to
post
Gode greier. :-)
comment in response to
post
Just det. Eg hadde nynorskøkter under hovudpraksisen på ppu på ein osloskule (vg2). Ikkje noko problem. Men ein må gjera ein innsats og setja jamstellinga inn i ein større samanheng. Høyrde mykje rart frå lærarmunn (òg norsklektorar) som ikkje passar med oppdraget deira.
comment in response to
post
Kva for andre emne i skulen kan ein driva slik argumentasjon mot utan at ein vert skulda for å undergrava oppdraget? Eg lurar ...
comment in response to
post
Det er jo heilt irrelevant kva for talemål folk har i denne samanhengen. Eg har av og til peika på at "nær talemålet ditt"-argumenta som mange i målrørsla brukar, slår veldig attende i t.d. Oslo. Då svarar elevar gjerne med at "vi snakker nærmest bokmål, så da skal vi ikke skrive nynorsk". >
comment in response to
post
Ja, det er heilt irrelevant for oppdraget som norsklærar og undergrev måla.
comment in response to
post
Ho har halde på sånn i årevis (men som sagt andre stader, hugsar eg ikkje denne illviljen mot nynorsk frå ppu-tida i lag). Her er forresten tilnærminga mi til noko i same duren som det Bård Egil peika på (Aftenposten-kronikk i 2010): beritrekve.wordpress.com/2010/05/11/m...
comment in response to
post
Mest tolkar eg det som kamp mot nynorsk og sidemålsdelen av norskfaget, slik ho har halde på i årevis. Det har vore mykje klaging på at undervisninga er vanskeleg. Men det oppfattar eg som ei fallitterklæring og undervurdering av elevar. Vi var i same ppu-kull, så eg kjenner den faglege bakgrunnen.
comment in response to
post
Sidan eg ikkje har arbeidd i skulen etter ppu, har eg eit veldig seriøst spørsmål om sensur: Vurderer ein berre innhaldet på hovudmålseksamen? Er verkeleg språkføring borte som vurderingskriterium? Her skulle eg gjerne sett sensorrettleiingar og forsking på korleis praksis er.
comment in response to
post
Nynorsk er ikkje eit eige fag, men ein del av norskfaget. Og bokmål (eller fransk og engelsk) er då ikkje mindre oppkonstruert som skriftspråk?
comment in response to
post
At nynorsk skulle skilja seg ut som "oppkonstruert".
comment in response to
post
Sidan ho held til i Frankrike for tida, kan ho jo ta "oppkonstruert"-testen på fransk skriftspråk vs. talemålet der.
comment in response to
post
Haha, det kan vera. Men eg trur eg ville ha lagt merke til det om dette var diskusjonsnivået i norskdidaktikk, særleg om nynorsk. Vi hadde veldig god undervisning i didaktikk, spennande diskusjonar og eit godt miljø.
comment in response to
post
Huff, ja, dette har eg sett mange døme på dei siste åra òg. Det har hendt at eg har sendt ei venleg melding til folk for å gjera dei merksame på det.
comment in response to
post
Det er just denne merkelege språkforståinga som gjer det så pinleg å tenkja på at dette er ein person med universitetsutdanning i språk (både norsk og framandspråk). Men eg hugsar mykje rart frå norsklektormunn då eg hadde praksisen min på ppu i 1994 (same kull som Strømholm). Huttetu!
comment in response to
post
Ho gjorde nok det. Vi var i same kull på PPU i 1994. Kan ikkje minnest at ho heldt på slik då, men ho har vore talsperson for dette synet i mange år no. Eg blir så oppgitt at eg mest ikkje veit kva eg skal seia. Det er eit skremmande språksyn, og dessutan spesielt å vedgå at ein driv sensuren slik.
comment in response to
post
Kan du seia noko meir om den opplevinga? Eg er ikkje der så mykje for tida, så oversynet mitt er ikkje så godt.
comment in response to
post
But we do it in Norway. The birth rate argument doesn't work well, I think.
comment in response to
post
Jepp. "Til neste gong les vi Abels samla verk."
comment in response to
post
Må vera det. Og då er i alle fall eg utanfor ringen. Eg var ikkje noko god i matte. Var meir språk- og samfunnsfagringen på meg.
comment in response to
post
Mer om sprengstoffsaken her naturvernforbundet.no/buskerud/nei...
comment in response to
post
Samd med deg i det.